onsdag 22. august 2012

- We met through a guy we never met!


- So, he was like, there are coming two Norwegian girls over. Will you be at home? And I was like YES! Vi surfar vidare. Charlotte i South Carolina var ein by vi hadde få forventningar til, men som viste seg å vera riktig så stilig med riktig så trivelege menneske. Reisefølgjet viser også nye sider. Nash Cash er langt frå ei enkel landsens jente frå samvirkelaget i Fyresdal. Ho er ein ekte globetrottar som har vore plassar der ingen andre levande menneske tør setja sin fot. Slikt skapar karakter, gode engelskkunnskapar og god medmenneskeleg orientering (vel å merke ikkje geografisk orientering). Da Noah vart opphalden på ei golfturering lot han oss like så godt låne rommet sitt, og vi tilbrakte kvelden med roomien Adam og all the right friends.   

Frå Charlotte gjekk turen vidare til Savannah i Georgia. Her var forventningane SKYhøge. Og IKKJE sei at du ikkje fekk med deg såpeserien med same namn  på slutten av 90-talet. Der var glitter, der var glam, der var intriger og der var brødskiver med eggerøre og kurv teima nøyaktig inn til 21.45 tysdags kvelden.Vi fann også ut at Savannah hadde mykje tvilsam slaverihistorie, og da var saken ganske grei.  


Om fortida til Savannah er tvilsam, er notida heller ikkje mykje av ein god fisk. Vi hadde ordna oss overnatting hjå Tom. Det var lett å finne fram, og vi var glad han hadde lokka med eige hus. Han snakka også ein del om oppussingsarbeid og vi byrja å tenkje at kanskje vårherre likevel, når alt kom til alt, i sin nåde, hadde funne ein ekte handyman for oss å ta med heim i kofferten. Vel. Det var inga løgn at huset trengte oppussing. Dører var det dårleg med, især på badet. I tillegg viste huset seg å vera breiddfullt av sopp. Neppe muggsopp, men stort sett alle andre utgåver av den lugubre veksten. Måleri av sopp, bøker om sopp, stolar forma som sopp, skulpturar forma som sopp og mengder av sopp sylta ned, under dyrking og til allmenn brukt når humøret skulle tilseie det. Han kunne fortelja om mange "prosjekt på gang" utan at vi nokon gong fekk heilt tak i kva det dreia seg om. Utpå kvelden kom ein - om muleg - enda meir lokal skrue på besøk. Men vi hadde det da triveleg, og spelte scrabble ut i dei mørke og skumle timane. Vi bestemt oss for å dra dagen etter, men var alt i alt nøgde med den kulturelle opplevinga. Amerika har mange sider, vi oppdagar stadig fleire.   

          
Adam og damene

Vegfarande, søppmann og ultralokal skjeggebuse

Den ikkje heilt tilfeldig gata vi forlet etter ei natt

  




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar