torsdag 30. august 2012

Men, Marianne, fartsgrensun gjell kji i USA

Først av alt: Vi kom oss heilskinna og heilberga fram, og har ikkje sett snurten av noko som kan likne på orkan enno. Veret i Memphis kan enkelt skildrast som steikande sol. I dag set vi nasen mot Little Rock. Der skal det visstnok vera ein liten storm som leikar seg, så kanskje vi kan hake av for litt uver på turen, likevel.

Reisa frå Panama city til Memphis var lang og ikkje utan komplikasjonar. Marianne: Ein generelt forsiktig sjåfør, ein spesielt forsiktig sjåfør i ny bil, med nytt girsystem, i nytt land på nye vegar. Nash, ein heller utolmodig sjåfør - som ja, kanskje ikkje så overraskande, vil fort fram. - NO kjører du forbi! - NEI, det kjem møtande trafikk! Og så bortetter. Det er ingen grunn til å utbrodere. Marianne fekk streng beskjed om at fartsgrenser ikkje er til anna enn pynt i dette ville landet mot vest.

Ein god halvtime etter at Nash har overteke rattet: Blålys og UP hankar oss inn. - Mam, were you awere that you were driving 76 mph in a 45-zone? - Eh, no, not really. - Ok, I let you go with a warning, then. Vel, la oss seia vi møttes på halvvegen. Fartsgrenser er ikkje heeilt utan betydning her borte, heller.

Så fort vi kom fram fekk vi innlosjering hjå Aaron. Triveleg fyr, lærar for underklassen i Memphis, avskyr likevel alt som smakar av Dangerous Minds og denslags kulturell glorifisering av yrket hans. Huset er det mest forskansa vi har vore i så langt. Kvar morgon vaknar vi til ei intens kvinnestemme som skjer oss i øyret: Lock that door! Lock that door! Da går Aaron ut for å jogge og alaramen er allereie på vakt. Ein ettermiddag vi var åleine måtte vi også gje pizzabodet følgjande beskjed:  - Can you go to the other door beacause of the alarm? We don´t live here. Ingen vart visst mistenksame av den grunn.


Aaron.



Men Memphis har sjølvsagt ikkje berre vore tøys og tull, det har også vore rock ´n roll. Marianne brukte ein dag på Graceland og fekk med seg Elvis Presley sin storslåtte tidlegare residens. Nash var som vanleg been there, done that. Marianne syntes det var fint der ute, men at det også var kvelande mange souvernirbutikkar. Tok også ein tur innom Sun studio og fekk ei innføring i plateinnspelingane si spede byring her i Memhis. Det var vel så bra.

Hello Mary Lou 


Are you lonesome tonight? 
                           
             
                                                                                 

                                                                                                               Sailing on Mississippi  
 
                                                  


Where it all began..


Vi tok ein tur ut på kvelden, Beal street. Vi tenkte at det alt i alt måtte vera den beste måten å koma i waaalking i Memphis-stemning, og at dt var fint å kunne seia at vi hadde festa der. Det var tysdag kveld, så vi kunne kanskje kome på eit betre tidspunkt. Men det var mykje levande musikk, mykje blues og ikkje minst karaoke. Ein må berre takke den intense hosten for at vi ikkje stod på reportoaret den kvelden. Men vi møtte både roseseljarar, drosjesjåførar, baseball-spelarar og menneske frå Venezuela, og må alt i alt seia at det var ein heilaftan.    
Walking in Memphis



Sailin´on Mississippi





mandag 27. august 2012

- Det hadde vørt søø moro med orkan!

Så var det altså for sant til å vera godt. Livet i paradis er over for denne gong, kan det sjå ut til, og vi legg no avgarde til Mempis med ein orkan i helane.  Nauden lærer naken kvinne i spinne, eller i dette tilfelle å svi av litt gummi. I rein dødsangst har Marianne sagt seg viljug til å kjøre bil i Amerika, alt for å koma seg unna orkanen. Nash er meir avslappa, heller litt snurt. Vi hadde planlagt å reise til New Orleans no, via ei natt i Mobile, men er sterkt tilrådde å liggje unna kysten, så da blir det Elvis-land i staden. Couchsufing.org er framleis på vår side, og vi har allereie greidd å finne ein vert i Memphis. Desse amerikanarane, veit å kaste seg rundt.     

Fluktbilen
                                                             

lørdag 25. august 2012

- Syns du dætta æ gørrmoro?


I går svømte Nash med delfinar. Marianne held seg i båten, men var lite misnøgd av den grunn. Vi har sett paradise city no. Om nokon skulle lure, sola skin i dag også. Vi fortalde amerikanarane at det å vera solbrent blir sett på som ein luksus der vi kjem frå, og slett ikkje noko nederlag. Bra vert, og bra folk vi heng med også her. Evy er kjærasten til Paul, Steph er veninna til Evy. Dei er 22 og får oss til å kjenne oss likeeins. 


Det er kanskje ein tanke kvalmande å lesa om ein ferietur der absolutt ALT går vår veg. Kvar vart det av grauten på Grut, til dømes? Vel, Nash er kvalm iblant. Marianne oppmodar henne til å sovne for unngå å spy, Nash kan opplyse om at det ikkje er så enkelt all den tid Marianne snorkar henne inn i øyret halve natta. Marianne kan tilbake opplyse om at det ikkje er så enkelt å unngå all den tid ein er saft suse forkjøla. Nash vil spela sand-volleyball, noko som gir Marianne smerter i fingrane. Marianne elskar å spela biljard, noko som gir Nash smerter overalt. Marianne hylar og skrik over Nash sin kjørestil, men nektar likevel å kjøre ein meter sjølv. Vi har anten fått ein forsmak på ekteskap eller på skilsmisse. Men alt i alt har vi det faktisk gøy, og har vi det ikkje så gøy, har vi enno pengar til Pina Colada.    

Delfinar. Yrke: Delfinar.

                                                   Paul Mason. Yrke: Delfinjeger.

Marianne. Horisont: Uendeleg.

torsdag 23. august 2012

- Du æ jo gørrbrænt!

Og ja, det var liksom meininga, og om det svir er det uansett verdt det. Eg (Marianne) simpelthen eeelskar å liggje på stranda ved sjøen og trur eg kunne gjort det svært lenge. Truleg fram til valkampen i 2013, kjem ikkje på andre hendingar som skulle vera viktige nok til å forlate stranda på ei stund. Panama city beach er Florida på sitt, tja, iallfall varmaste. Og eg byrjar å lure på om Florida er yndlingsstaten min. På to døgn har vi lagt bak oss storslåtte skyskraparar, ekstremt regnver, steikande sol, beitande kyr og krittkvite strender. Og enno ligg mykje framfor oss.

Vi gjer forresten mange store og små oppdagingar undervegs. Alt er større i Amerika, Også idiotane. Vi er no oppe i 160. Ikkje alkoholeiningar, vel og merke (enno), men parkeringsbøter omsett til dollar. Lite gjestfritt, synes vi. Vi måtte også byte til ein bil der Elvis-kanalen var langt vanskelegare  å finne enn i den førre. Ingen veit kvifor.

Når det er sagt, er vi glad for litt av kvart av det vi har fått med oss så langt. Vi fekk til dømes med oss ein haikar i går i 200 meter, før han ombestemte seg. Det var ein mann på omlag 50 med omlag same hårsveis som Nash. Det var ikkje Brad Pitt, men det kunne vorte moro likevel. I Jacksonville i Florida fekk vi med oss  ei fantastisk havutsikt som vår flotte vert Sachin viste oss. Vi likte Sachin. Han var ein inder som hadde budd i Amerika nokre år, og fått hjartet knust av eit utal amerikanske jenter. Å opne døra for sofa-turistar var hans siste håp om å gjenopprette mellommenneskeleg tillit. Vi gjorde vårt, drakk godt med vin, skrytte uhemma av senga vi fekk, og knuste eit glass på kjøkkenet før vi stakk av. Vi har no forlatt Sachin for å utforske Florida sitt vestlege hjarte. Verten vår heiter Paul, han er engelskmann, og svært høfleg.   

- We heard you were having some issues with the car. - No, we did not have any issues!.. Likevel, kjerra er større sidan sist, og vi kan leva med det!

Den nye kvinna i Marianne sitt liv. Otto er heftig blasert. Han synes ho er for firkanta. 








Nash, Sachin og sjø
Jenta frå havi

Engasjert slaverhandlar i Savannah
Ettertenksam slaveturist

onsdag 22. august 2012

- We met through a guy we never met!


- So, he was like, there are coming two Norwegian girls over. Will you be at home? And I was like YES! Vi surfar vidare. Charlotte i South Carolina var ein by vi hadde få forventningar til, men som viste seg å vera riktig så stilig med riktig så trivelege menneske. Reisefølgjet viser også nye sider. Nash Cash er langt frå ei enkel landsens jente frå samvirkelaget i Fyresdal. Ho er ein ekte globetrottar som har vore plassar der ingen andre levande menneske tør setja sin fot. Slikt skapar karakter, gode engelskkunnskapar og god medmenneskeleg orientering (vel å merke ikkje geografisk orientering). Da Noah vart opphalden på ei golfturering lot han oss like så godt låne rommet sitt, og vi tilbrakte kvelden med roomien Adam og all the right friends.   

Frå Charlotte gjekk turen vidare til Savannah i Georgia. Her var forventningane SKYhøge. Og IKKJE sei at du ikkje fekk med deg såpeserien med same namn  på slutten av 90-talet. Der var glitter, der var glam, der var intriger og der var brødskiver med eggerøre og kurv teima nøyaktig inn til 21.45 tysdags kvelden.Vi fann også ut at Savannah hadde mykje tvilsam slaverihistorie, og da var saken ganske grei.  


Om fortida til Savannah er tvilsam, er notida heller ikkje mykje av ein god fisk. Vi hadde ordna oss overnatting hjå Tom. Det var lett å finne fram, og vi var glad han hadde lokka med eige hus. Han snakka også ein del om oppussingsarbeid og vi byrja å tenkje at kanskje vårherre likevel, når alt kom til alt, i sin nåde, hadde funne ein ekte handyman for oss å ta med heim i kofferten. Vel. Det var inga løgn at huset trengte oppussing. Dører var det dårleg med, især på badet. I tillegg viste huset seg å vera breiddfullt av sopp. Neppe muggsopp, men stort sett alle andre utgåver av den lugubre veksten. Måleri av sopp, bøker om sopp, stolar forma som sopp, skulpturar forma som sopp og mengder av sopp sylta ned, under dyrking og til allmenn brukt når humøret skulle tilseie det. Han kunne fortelja om mange "prosjekt på gang" utan at vi nokon gong fekk heilt tak i kva det dreia seg om. Utpå kvelden kom ein - om muleg - enda meir lokal skrue på besøk. Men vi hadde det da triveleg, og spelte scrabble ut i dei mørke og skumle timane. Vi bestemt oss for å dra dagen etter, men var alt i alt nøgde med den kulturelle opplevinga. Amerika har mange sider, vi oppdagar stadig fleire.   

          
Adam og damene

Vegfarande, søppmann og ultralokal skjeggebuse

Den ikkje heilt tilfeldig gata vi forlet etter ei natt

  




fredag 17. august 2012

- Høll deg fast, upp med foi!

I dag har vi vore på badeland. Det var litt skummelt. Marianne fekk panikk på toppen av sklia, men Nash visste råd og kom med passande trugsmål. - Greier du ikkje dette, må du sjekke opp ein fyr i kveld. - Men det har eg da gjort før! - Men du må bruke den sjekkereplikken eg bestemmer! Ok, skila var uunngåeleg. Og ganske artig, alt i alt.  Badeland, all day, berre i bikini, det var DIGG.


  Elles har vi no hamna i Greenesboro, hjå John. Eller Rusty, som grannane kallar han. Det er tydeleg at vi har kome lenger sør, aksenten er breiare, øla er billegare og parkeringsmulegheitene menneskelege. Herleg seng, sjølv om lakenposane framleis er skremmande ubrukelege. I morgon blir det kjøp av GPS. Marianne har krype til krossen. Nash svergar framleis til google maps på iphone, Marianne kjenner det er dårleg for blodtrykket. Så slik går dagane.

Åstad for Holmgang
- Høtt æ dætta? Å ja, lefsur! (Nash er på tilvenjing til utanlandsk mat)


Godt forttøy er viktig på lange turar


     

 

onsdag 15. august 2012

-Herre, mi he berre to dynnur!



Så er bilen i boks og turen igang. Retningssansen er upåklageleg og vi brukte berre i underkant av to timar på  koma oss ut av biluteigeområdet i New York og inn på rett motorveg. Bilen såg først ut til å vera ein todørs, og ingen av oss var særleg lystne på å leike Opel Ascona babes all over again. Men vi fann etter kvart ut kvar alle handtaka var og korleis ein kunne leggje ned seta for å få plass til gigantiske amerika-koffertar. Ikkje minst vart Otto von Bismark, vårt trufaste dashbord-dyr, raskt satt på plass.

Washington DC vart nådd ved hjelp av google maps på iphone og ein passeleg porsjon flaks. Vel fram i smørauget av verdas maktsentrum har vi fått couch crash hjå ein agalaust triveleg kar, Mark. Han står definitivt på plussida av positive opplevingar. Marianne er også viljug til å gi Nash ei solid dose RESPECT som fryktlaus sjåfør. På lista over negative/ lærerike opplevingar står følgjande:Slentre ut på gata i halv 10-tida og finne ut at bilen er BORTE! So - was it all jst a dream?? Neppe. Det var iallfall ikkje bota på 130 dollar da vi fann han att. Og det var heller ikkje den strenge oppringinga frå Budget som ba oss byte bil så fort som råd. Dette kostar oss ekstra pengar, og vi likar det ikkje.

Elles: New York city, all it´s cracked up to be! Marianne mållaus, Nash Cash - been there done that before, men greitt nok. Skal ein tilrå berre 1 ting må det vera Brooklyn Bridge i solnedgang. Fantastisk utsikt, heilt gratis. Fekk også trykt inn ein tur inn til London sentrum under mellomlandinga, og Marianne var heftig star struck etter møtet med Big Ben. Love it. Vi har no brukt ein dag i DC, vore ved det kvite husi og godt nøgde med det. Elles er det ikkje ALT for mykje anna vi likar ved denne byen. Dårlege parkeringsmulegheiter dreg NED. Men ikkje at vi skal klage alt for mykje. For vi er i AMERIKA!     

- Big Ben, just how I like it!

Bra kunst i NY


Brooklyn Brigde og piken på broen

- Ikkje aaakurat ætt døllarglis, nei


Bilen æ burti

No ticket, no road trip



 
Det kviti husi og mi

- Han æ nøkk skeiv, men fær eg drite i dassen hasses gratis æ dæ hælt grætt!
     

onsdag 8. august 2012

- Nå må du huske lakenpøsi då!

Til den det måtte vedgå, eller som av andre grunnar skulle bry seg:

Søndag førstkomande reiser Nash Cash (Solveig) og Marianne (Marianne) på århundrets eventyrreise gjennom statane. Først og fremst sør-statane, da sol, varme og eit solid mannsoverskot står langt opp på lista.

På denne bloggen kan du følgje moroa. Innlegga i bloggen står for vår eiga rekning og skal ikkje lastast andre levande vesen. Marianne er tilhengar av solidaransvar, og håpar Nash ikkje veit kva det tyder.

Road trip i USA er unekteleg ein klassikar, og vi skal IKKJE koma tilbake utan vår eiga unike historie. Men kva er det eigentleg grunn til å forvente? Vi har pengar, men ikkje i overlag, vi har fantasi, men ikkje frekkheit, vi har vener, men ikkje i traktene og vi har neppe vit til å seia nei om Brad Pitt skulle stå der langs landevegen og by seg fram. Men - vi har vore på Couchsurfing.org i månadsvis og laga pakkelister i vekesvis. DETTE blir AWESOME GENIALT uansett!



Nash sitt mål for reisa: Personleg utvikling.
Marianne sitt mål for reisa: Gjennomskode Nash. På nynorsk.