mandag 27. august 2012

- Det hadde vørt søø moro med orkan!

Så var det altså for sant til å vera godt. Livet i paradis er over for denne gong, kan det sjå ut til, og vi legg no avgarde til Mempis med ein orkan i helane.  Nauden lærer naken kvinne i spinne, eller i dette tilfelle å svi av litt gummi. I rein dødsangst har Marianne sagt seg viljug til å kjøre bil i Amerika, alt for å koma seg unna orkanen. Nash er meir avslappa, heller litt snurt. Vi hadde planlagt å reise til New Orleans no, via ei natt i Mobile, men er sterkt tilrådde å liggje unna kysten, så da blir det Elvis-land i staden. Couchsufing.org er framleis på vår side, og vi har allereie greidd å finne ein vert i Memphis. Desse amerikanarane, veit å kaste seg rundt.     

Fluktbilen
                                                             

2 kommentarer:

  1. Me hadde ein liten Orkan her i Austevoll,forrige veke.Det var ganske spennande.Den låg ute på sjøen og drog med seg vatnet i ein virvel på ca. 2 meter. Ikkje verst,for detta hadde ikkje Austevollingane sett før,alder i si tid. Sikkert mykje større dere flykter fra,så flykt i vei, men få ikkje skrekken Marianne, for då blir du så skjelven og er ikkje brukande tel nåke, i vertfall ikkje til å kjøre bil :) Seie berre i frå Nash, ikkje slepp ho te rattet.Advarsel, hvis Marianne er skjelven altså!!

    SvarSlett
  2. Haha, takk for åtvaringar. Orkanar er skumle, uansett :-)

    SvarSlett