mandag 17. september 2012

- Å eg søm he rædda økkun frå dine nissar!

Kven som redda kven frå kva.. Vel, vi skal ikkje ta den her og no. Vi skal heller ikkje rippe opp i gamle episoder som at vi vart ferska med kvar vår halvetne pizzabit i handa, berre for å oppdage at dei faktisk tilhøyrte nokon andre.Vi skal berre konstatere at det no er havrelefser som festar sine klamme grep, og at ferda til Amerika berre er eit vagt minne. Eller.. har vi kanskje endra oss for alltid? Enda heisaturen opp som ei danningsreise og kjem liva våre aldri meir til å bli dei same? La oss tygge litt på den. La oss nippe til eit passe surt glass raudvin, og nyte siste restene av det som måtte tålte dagslys av fotoalbumet. Takk for følgjet!

Times square. Just so u know!

Parking is expensive. That we know!

Mark i DC - vår aller først sofavert

Noah i Charlotte - som vi aldri møtte

Ting ein tek bilete av i Amerika som eigentleg ikkje er morosamt 1

Ting ein tek bilete av i Amerika som eigentleg ikkje er morosamt 2


Ting ein tek bilete av i Amerika som eigentleg ikkje er morosamt 3




Nash eelskar kattar

Marianne eelskar sol

Så var vi der, svart på kvitt


Medan vi ventar på nye episoder av Dallas 2012 :-)


    

onsdag 5. september 2012

- Hørr æ alle cowboyane?


Dallas er digg. Og GJETT kvar vi har vore? South Fork! Ein ekte ranch, med ekte glam i veggane. Vi er alt i alt mållause, og let berre bileta snakke for seg sjølv:















Når det gjeld trafikken i Dallas, er det rett og slett heilt Texas. Og da vi som minst trengte det, bestemte gps-en seg også for å streike. Nash ropte hurra for gode gamle google maps, sjølv etter to timar med sirkelkjøring. Heldigvis vakna spetakkelet til live att dagen etter. Og nemnte vi det? I dag tidleg fekk vi parkeringsbot IGJEN. Bilen stod parkert feil veg. Dette er NEPPE eit fritt land. Marianne vil no heim. Siste kulturelle oppleving på turen blir drive-in kino i kveld. Vi stikk ut til flyplassen grytidleg i morgon, og set nasen i kvar vår retning. Nash treng ei veke avkopling i San Diego, Marianne tek først Manhattan, så Berlin. Våre ferdaminni går mot slutten for denne gong. Det kan likevel hende at vi har att eitt og anna som høver for ålmenta, så følg med for siste opprydding i fotoalbumet!




Texas-vertar: Thurston og Jeff.

Little Ben? Ikkje ALT er større i Amerika..

Utgangspunkt for aller siste cowboy-jakt..

Vi HADDE trudd vi skulle funne dei her, da...

JFK-spot. Bak tilfeldig turist.

Texas byutsikt



tirsdag 4. september 2012

- Eg he læst økkun uti

Javel, så måtte vi oppleve det også. Ein snau time før vi kunne puste letta ut i Dallas, er nøklane låst inne i bilen. Ingen veit kvifor, ingen har gjort forsøk på å låse, ingen får dørene opp igjen ved normale forsøk. Vi ringer Budget i London, vi ringer Budget i New York og vi ringer Budget i Jacksonville. Dei sender oss til slutt ein døropnar. Han kostar pengar, så klart. Godt og vel 50 dollar, så takk for den. Årsaka var visstnok at alle nye bilar automatisk låser seg når alle dørene er igjen. Det er ikkje sant, vi har prøvd det ut, men dei hevda hårdnakka at det er noko alle veit.
Til høgre: Dørlåsar. Til venstre: Døropnar.


Endestasjon Dallas er iallfall nådd. Det er vi veldig glad og letta for, sjølv om vi held på å smelte bort. Men vi har vore på bassengfest, så det hjelp. Det var Labor day i går, så søndag var også ein bra utekveld, og vi tok med oss den i same slengen. Møtte nokre australske landevegsfararar som raskt kunne fortelja oss at det ikkje var særleg originalt å spørja om dei kom frå a land down under.

Søndag morgon var forresten ganske andre bollar. Vi hadde fått overnatting hjå Katie i Texarkana. (Merk at byen ligg i to statar, Texas og Arkansaas, og at namnet er ein kombinasjon av desse to). Vi hadde utelukkande fått negative reaksjonar på at vi skulle dit, så vi var svært spente. Men det var det ingen grunn til. Det var ingen cowboyar der, slik vi intenst hadde håpa, og den einaste attraksjonen Katie kunne koma på, var å dra til tinghuset og skryte av at du stod i to delstatar samstundes. Men søndag morgon tok ho oss med til kyrkjes, og det var i grunn også ganske fint. Det er ikkje til  underslå at det var på høg tid med eit gudsord på denne reisa. 

Katie. Vi kårar huset hennar til det finaste.



Plutseleg kyrkjesøndag.
Andre natta i Little Rock fekk vi tilbringe hjå Jon. Det viste seg at han skulle på eit utdrikkingslag den kvelden, og at vi var meir enn velkomne til å bli med dit. Det var utelukkande pilotar (og nokre navigatørar) frå den amerikanske Air force-en der, så vi kjente oss veldig feminine. Alle sa vi burde dra til Austin, noko som var ganske irriterande, sidan vi hadd valt oss ut Dallas på grunn av South Fork. Men det var kjekke karar, så synd vi måtte forlate dei.   
         
Jon. Vi kårarar utsikta hans til den beste.

Little Rock i refleksjon.


lørdag 1. september 2012

Mi kaupir øl ti han!

Så er vi komne til ein av desse fattige småbyane i sør vi var sterkt frårådde å overnatte hjå private i. Her finst ingen lojalitet overfor solbrente europearar i kvite dollarglis, er vi fortalt. Men vi likar å sprenge grenser og har enda opp hjå Kevin i Little Rock, Arkansaas. Han arbeider som ballongførar og er i oppstartsfasen som eigedomsspekulant i fattigstrok. Han har levd på flaskepant i Noreg og sykkeltransport i Danmark. Bilen går på vegetabilsk olje og hønene i hagen sikrar frukost kvar morgon.  Men vi klagar null, som vanleg. Vi har fått kjempegod middag og herlege senger. Av viktige norske tradisjonar har vi forsøkt å lære bort deikkeleiken Aldri aldri, og fortalt at vi sjeldan pratar med framandfolk med mindre vi er pære fulle. Nash er som vanleg stormforelska i hunden og katta, Marianne er i abstinens over mangel på tråldlaust nett, og greier dermed å undertrykke intens frykt for alt som er firbeint. Dei siste restene etter Isaac er elles i fred med å lette, og etter ei heller regntung natt skin sola atter over dei amerikanske slettene.

Kevin i musikalsk positur