tirsdag 4. september 2012

- Eg he læst økkun uti

Javel, så måtte vi oppleve det også. Ein snau time før vi kunne puste letta ut i Dallas, er nøklane låst inne i bilen. Ingen veit kvifor, ingen har gjort forsøk på å låse, ingen får dørene opp igjen ved normale forsøk. Vi ringer Budget i London, vi ringer Budget i New York og vi ringer Budget i Jacksonville. Dei sender oss til slutt ein døropnar. Han kostar pengar, så klart. Godt og vel 50 dollar, så takk for den. Årsaka var visstnok at alle nye bilar automatisk låser seg når alle dørene er igjen. Det er ikkje sant, vi har prøvd det ut, men dei hevda hårdnakka at det er noko alle veit.
Til høgre: Dørlåsar. Til venstre: Døropnar.


Endestasjon Dallas er iallfall nådd. Det er vi veldig glad og letta for, sjølv om vi held på å smelte bort. Men vi har vore på bassengfest, så det hjelp. Det var Labor day i går, så søndag var også ein bra utekveld, og vi tok med oss den i same slengen. Møtte nokre australske landevegsfararar som raskt kunne fortelja oss at det ikkje var særleg originalt å spørja om dei kom frå a land down under.

Søndag morgon var forresten ganske andre bollar. Vi hadde fått overnatting hjå Katie i Texarkana. (Merk at byen ligg i to statar, Texas og Arkansaas, og at namnet er ein kombinasjon av desse to). Vi hadde utelukkande fått negative reaksjonar på at vi skulle dit, så vi var svært spente. Men det var det ingen grunn til. Det var ingen cowboyar der, slik vi intenst hadde håpa, og den einaste attraksjonen Katie kunne koma på, var å dra til tinghuset og skryte av at du stod i to delstatar samstundes. Men søndag morgon tok ho oss med til kyrkjes, og det var i grunn også ganske fint. Det er ikkje til  underslå at det var på høg tid med eit gudsord på denne reisa. 

Katie. Vi kårar huset hennar til det finaste.



Plutseleg kyrkjesøndag.
Andre natta i Little Rock fekk vi tilbringe hjå Jon. Det viste seg at han skulle på eit utdrikkingslag den kvelden, og at vi var meir enn velkomne til å bli med dit. Det var utelukkande pilotar (og nokre navigatørar) frå den amerikanske Air force-en der, så vi kjente oss veldig feminine. Alle sa vi burde dra til Austin, noko som var ganske irriterande, sidan vi hadd valt oss ut Dallas på grunn av South Fork. Men det var kjekke karar, så synd vi måtte forlate dei.   
         
Jon. Vi kårarar utsikta hans til den beste.

Little Rock i refleksjon.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar