torsdag 23. august 2012

- Du æ jo gørrbrænt!

Og ja, det var liksom meininga, og om det svir er det uansett verdt det. Eg (Marianne) simpelthen eeelskar å liggje på stranda ved sjøen og trur eg kunne gjort det svært lenge. Truleg fram til valkampen i 2013, kjem ikkje på andre hendingar som skulle vera viktige nok til å forlate stranda på ei stund. Panama city beach er Florida på sitt, tja, iallfall varmaste. Og eg byrjar å lure på om Florida er yndlingsstaten min. På to døgn har vi lagt bak oss storslåtte skyskraparar, ekstremt regnver, steikande sol, beitande kyr og krittkvite strender. Og enno ligg mykje framfor oss.

Vi gjer forresten mange store og små oppdagingar undervegs. Alt er større i Amerika, Også idiotane. Vi er no oppe i 160. Ikkje alkoholeiningar, vel og merke (enno), men parkeringsbøter omsett til dollar. Lite gjestfritt, synes vi. Vi måtte også byte til ein bil der Elvis-kanalen var langt vanskelegare  å finne enn i den førre. Ingen veit kvifor.

Når det er sagt, er vi glad for litt av kvart av det vi har fått med oss så langt. Vi fekk til dømes med oss ein haikar i går i 200 meter, før han ombestemte seg. Det var ein mann på omlag 50 med omlag same hårsveis som Nash. Det var ikkje Brad Pitt, men det kunne vorte moro likevel. I Jacksonville i Florida fekk vi med oss  ei fantastisk havutsikt som vår flotte vert Sachin viste oss. Vi likte Sachin. Han var ein inder som hadde budd i Amerika nokre år, og fått hjartet knust av eit utal amerikanske jenter. Å opne døra for sofa-turistar var hans siste håp om å gjenopprette mellommenneskeleg tillit. Vi gjorde vårt, drakk godt med vin, skrytte uhemma av senga vi fekk, og knuste eit glass på kjøkkenet før vi stakk av. Vi har no forlatt Sachin for å utforske Florida sitt vestlege hjarte. Verten vår heiter Paul, han er engelskmann, og svært høfleg.   

- We heard you were having some issues with the car. - No, we did not have any issues!.. Likevel, kjerra er større sidan sist, og vi kan leva med det!

Den nye kvinna i Marianne sitt liv. Otto er heftig blasert. Han synes ho er for firkanta. 








Nash, Sachin og sjø
Jenta frå havi

Engasjert slaverhandlar i Savannah
Ettertenksam slaveturist

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar